Navn: Bjørn Krogsæter

Sivil status: Gift, tre barn

Alder: 53

Bosted: Tennfjord, Ålesund kommune

Jobb/stilling: Jobber som lærer, Vatne ungdomsskule

 

Hva er ditt forhold til pizza?

Vokste opp med at vi hadde pizza kvar laurdag gjennom barndommen. Det var pizza med svært tjukk skorpe, nesten som eit foccaciabrød. Sausen og fyllet var også enkelt, sikkert for det meste kjøtdeig og tomatpurè, men det bringer likevel fram gode barndomsminner. Den virkelige pizzainteressa vart likevel vekka på ferie til Italia i 2005. Det var fantastisk. Vi fann fort vår favorittrestaurant, og til slutt fekk eg sleppe inn på kjøkkenet og stod med store auge og så på at dei baka ut pizzaen UTAN kjevle. Eg reiste heim frå denne restauranten med 5 kg skinke og 5 liter tomatsaus i bagasjen, og så var det rett heim for å begynne å eksperimentere. Det har vore ein lang prosess, men no meiner eg at eg er ganke nær den autentiske pizzaen frå Lignano, Italia i 2005. Herlig!

Eg jobbar som lærar på Vatne ungdomsskule. Ein gong i året har vi noko som vi kallar Trivselsdagane. Den eine dagen lagar matgruppa pizza til heile skulen. Rekorden her er å lage/servere 110 pizza i løpet av litt over en time. Eg prøver å spreie mat/pizzagleda over på dei unge.

Hvor ofte spiser du pizza?

Det er fast kvar fredag. Uttrykket fredagspizza er eit urokkelig fenomen i familien vår. Ungane blir fornærma om det ikkje blir pizza.

Hvor ofte spiser du pizza på restaurant?

Det er ingen gode pizzarestauranter i umiddelbar nærheit, så det blir stort sett på ferie.

Hvor ofte bestiller du pizza take-away?

Det blir kanskje 5-6 gongar i året. Vi har Pizzabakeren-kjeda nær oss. Den er grei nok, men kan ikkje samanliknast med den eg lager sjølv.

Hva er den beste pizzaopplevelsen du har hatt?

Det var restauranten Bella Napoli i Lignano, Italia i 2005. Kjøkkensjef Ricardo hadde full kontroll. Tenker på å reise tilbake for å sjekke om den fortsatt føles like super som den gang, eller om nytelsen kom av at eg var urutinert pizza-etar den gong.

……og den verste?

Pizza Grandiosa. Eg kjem frå fylket/regionen der denne blir produsert, men eg må berre beklage. Det er papp med saus på. Det er ein god papp, det skal den ha, men det er noko eg ikkje klarer å ete.

Kan du anbefale en norsk, og evt. en utenlandsk pizzarestaurant som du synes er spesielt bra?

Har ete pizza på Villa Paradiso nokre gongar og har vore godt fornøyd med det. Eg les på sida «Pizzabakerne» at mange synest at pizzaen der har tapt seg, men det kan eg ikkje uttale meg om. Har snakka med gründer og tidlegare eigar Jan Vardøen på telefon ein gong. Han var ein svært triveleg og imøtekomande kar å snakke med.

Hvor ofte lager du dine egne pizza fra bunnen av?

Lager alltid pizza frå botnen. Vanligvis med to eller tre døgns hevetid. Lager også pizzasaus i store kvanta (saus til 100 pizza), og frys det ned i porsjoner.

Hvor finner du inspirasjon når du lager dine egne pizza?

Har lest en del bøker om emnet. Spesielt boka til svenskane som driv restauranten Lilla Napoli i Falkenberg, Sverige. Det var interessant lesing. Ellers så har sida Pizzabakerne og bloggen Pizzamani gitt meg nytt perspektiv på pizza-livet. Vil også skryte av vår egen pizza-guru, Kong Rene Munthe Eik, som har tatt initiativ til desse to sidene. I tillegg så er han alltid kjapt ute på å svare på spørsmål om det er nokon som lurer på noko.

Bruker du aktivt facebookgruppen «Pizzabakerne» og bloggen «Pizzamani»? Og hva synes du evt. om disse?

Er inne på begge plassane stadig vekk. Begge deler har løfta pizzabakinga mi frå gjennomsnittlig til meget bra.

Bruker du ofte spesialmel og lange hevetider når du lager pizza? Eller har ikke dette særlig betydning for deg?

Har kjøpt 25-kilos sekkar med tipo-00 mel og med Manitobamel. Føler det er med på å gi fantastisk elastisitet og ikkje minst god smak. Bruker vanligvis to eller tre dagar med heving. Både heveing i romtemperatur og i kjøleskap.

Har du en spesialovn til å bake pizza i, eller bruker du vanlig stekeovn? Og hvordan steker du pizzaen i ovnen du bruker?

Bygde i fjor sommer en vedfyrt pizzaovn i hagen. Den vart innvia første helga i august, og så vart det steikt pizza utandørs kvar helg fram til desember. Skaffa så ein Effeuno omn til å steike pizza innendørs. Den kjem opp i over 450 grader, så det er ei god erstatning. Ikkje like bra som utendørs, men nesten.

Har du evt. annet spesialutstyr du bruker til pizzabakingen?

Bruker hevebokser frå IKEA, der deiga blir balla og så lagt oppi. Dette fungerer supert. Har også få bytta eltekrok på Kenwooden etter tips på pizzabaker-sida. Den fungerer enormt mykje betre enn den originale.

Hva er din favoritt når det kommer til pizzastil, pizzabunn og topping?

Har ei klar svakheit til Napolitansk pizza. Har også laga heimelaga N`duja, og den vart ikkje så verst. Familiens favoritt er forøvrig baconmarmelade på pizzaen. Snappa opp dette frå eit amerikansk matprogram og laga min eigen vri. Eg kan sikkert legge ut denne oppskrifta på pizzabakerne-sida, for den er heilt kanon på pizza.

Har du en favorittoppskrift?

Pizza med serrano-skinke, spansk chorizo, sylta raud jalapeno og baconmarmelade.

Hvor ville du plassere deg på en skala fra 1 til 10, der 1 er grandiosa og 10 er pizzanerden René Munthe Eik som administrerer «Pizzabakerne» og driver bloggen «Pizzamani»? Og hvorfor?

Eg vil plassere meg sjølv ein plass mellom 8 og 9. Pizza er ein stor del av min matkvardag og om eg berre skulle ete ein ting resten av livet, då hadde det blitt pizza. Har fortsatt en del å lære, men dei fleste som har smakt pizzaen min seier at den er mykje betre enn det dei får på restaurantar, så det må vel bety at eg er på veg. Målet er å nærme seg 10-eren. Her har eg god tid. Eg nyt læringa og elsker å prøve nye ting.

Er det noe annet som opptar deg i din pizzahverdag som vi ikke har berørt her?

Vil til slutt rette en stooooor takk til først og fremst Rene Munthe Eik som har både inspirert meg og lært meg mykje om pizza og pizzabaking. Vil også takke andre på forumet for gode innspel når det er noko eg lurer på. Pizzabakerne er ei fantastisk Facebook-gruppe.